mandag 12. september 2016

Literacy - kva er det?

I dette innlegget skal eg ta for meg kva Literacy tyder. Literacy er eit omgrep som famnar breidd og kan vera vanskeleg  å forklare og oversette. Ved å skrive om dette håpar eg det kan hjelpe meg å forstå det betre, og ha det som utgangspunkt i vidare arbeid med faget.

Det er som nemnd ikkje enkelt å direkte oversette omgrepet til norsk. Skriftkunne og lesekunne er forslag, men dei dekker ikkje omgrepet i stor nok grad. Tilgangskompetanse meiner man kan vera eit betre ord, den viser altså til den kompetansen ein treng for å få tilgang til verda rundt seg, då ofte i samband med tekst. Ein tenkjer då på eit utvida tekstomgrep som og inkluderer multimodale tekstar og mellommenneskeleg interaksjon. Mange vel likevel å halde på uttrykket Literacy, slik som studiet vårt gjer.

Barton skriv: “Literacy is primarly something people do; it is an activity located in the space between thought and text. Literacy does not just reside in people`s heads as a set of skills to be learnd, and it does not reside on paper, captured as texts to be analysed. Like all human activity literacy is essentially sosial, and it is located in the interaction between people.” (Barton & Hamilton 1998:3).

Slik eg forstår Barton er altså literacy noko som skjer i den sosiale samhandling mellom menneske i ulike kontekster. Det er noko mennesket gjer. Den favner meir enn berre lærte ferdigheitar i lesing og skriving og treng ikkje vera nedskrive.

Skjeldbred sin definisjon har noko likskapar, men fokuserer kanskje i større grad på tilgang og kompetanse meir enn sosial samhandling. Ho skriv: ”Det handler om å få tilgang til alle kulturers tekster i vid forstand, om å bli kompetent til å ta seg fram i det tekstlandskapet som omgir oss, velge, vurdere, men også selv kunne sette sammen, produsere og gjenbruke tekster og ha slik mulighet til å delta og påvirke den tekstkulturen vi lever i» (Skjelbred, 2010:13).


Eg byrjar så smått å forstå kva literacy tyder, men eg treng nok meir forståing før eg kan forklare det til elevar og andre. Eg satser på at det blir enklare å forstå etter kvart som me lærar meir om temaet. 

søndag 4. september 2016

Litt om meg


 Hei, og velkommen til studenbloggen min knytta til emnet Ny skriftkultur.

Mitt namn er Annette Mæland, eg er 24 år og fersk masterstudent i utdanningsvitenskap med norskprofil. Tidlegare har eg studert grunnskulelærar 5-10 på Stord og er såleis nett ferdigutdanna adjunkt. 

Faga mine er i hovudsak norsk og samfunnsfag, men eg har også halvårseiningar i spesialpedagogikk og i mat og helse. Norsk er blant  faga som interesserer meg mest, og som gjorde at eg tidleg byrja å tenke tanken på ein mastergrad i faget. Eg har alltid vore ein lesehest glad i bøker, sjølv om andre medium no tek eindel av den tida.  Analyse av språk, sosiolingvistikk og dialektar er og felt eg synest er spennande.

Med mastergrad har eg enda fleire moglegheitar til jobb på anten vidaregåande skule, innan forskning eller journalistikk. Eg likar godt å verkeleg dukke ned i eit fag, og å vera trygg og reflektert rundt det eg skal undervise i. Gjennom studiet håpar eg å lære meir om korleis eg kan oppmuntre elevane mine til å lesa meir, bli betre skrivarar, og vise at norskfaget kan vera kjekt. 

Eg har enda ikkje noko konkret plan for emne til mastergraden, men tenker det kjem etterkvart som eg set meg inn i dei ulike emna.